Inntekt uten arbeid.
Vossastovo tek hand om Airbnb-utleiga for deg – frå A til Å.
Me veit kva som skal til for vellukka utleige og me tek hand om heile prosessen.
Me tek hand om alt, du treng ikkje løfta ein finger.
Gode bilete og tekst som får fleire til å booke.
Prisane justerast automatisk for best mogleg inntening.
Null stress, me held styr på alt frå datoar til gjestar.
Vask, nøklar og alt det praktiske er alltid på stell. Me leverer Norges BILLIGASTE vaskeprisar. Opp til 1/5 av andre byrå
Gjestar får raske og hyggelege svar, 24/7 med hjelp av AI.
Me følgjer opp tilbakemeldingar og held ratingen høg.
Du får rapportar på booking og inntekt, enkelt og klart.
Lågare kostnader skal ikkje bety lågare kvalitet. Me tek hand om heile utleiga, samtidig som me held både provisjon og driftskostnader nede.
Me kjenner marknaden på Voss og veit kva som skal til for å oppnå best mulig belegg og gode prisar gjennom året. Med lokal kunnskap og aktiv prising jobbar me for å få mest mulig ut av kvar eigedom.
Me er lokale og alltid i nærheten. Skulle noko oppstå med eigedommen eller under eit opphald, følger me det opp og ordnar opp med ein gong.
Me tar arbeidet – du får inntektene.
Me starta med eit enkelt mål: å gjere utleige enklare, meir lønnsamt og tryggare for eigarar, med smarte løysingar, høg kvalitet og god oppfølging heile vegen.
Å skape meir verdi for eigedomseigarar gjennom smart utleige, høg kvalitet og personlig oppfølging.
dagleg leiar
Vil ha inntekta, ikkje arbeidet Me tek oss av booking, gjestar, vask og resten.
Vil investere i eigedom utan å bli fulltidsutleigar.
Vil tjene meir på eigedommen din utan å bruke meir tid på utleige.
Har ein eigedom som står mykje tom og ønsker å gjere den om til ei inntektskjelde.
Har ein fritidseigedom og vil tene på den når du ikkje bruker den sjølv.
Har ein tomt, anneks eller hybel som kan bli ei ekstra inntektskjelde.
Kort sagt: alt. Me lagar og optimaliserer annonsane, styrer prisar og kalender, svarar gjester 24/7 og ordnar innsjekk, vask, sengetøy og praktiske ting undervegs. Du følger med på inntektene, me tek oss av resten.
Prisane blir justerte fortløpande med dynamisk prising, basert på sesong, etterspørsel og konkurranse, for å sikre best mulig inntekt for deg.
Pengane blir utbetalt direkte til kontoen din kvar månad, saman med eit oversiktleg oppgjer som viser inntekter og kostnader.
Det er heilt naturleg å vere litt uroleg, men erfaring viser at 99 % av gjestar berre ønskjer ein fin og fredelig ferie. Dei aller fleste behandlar huset med respekt – akkurat som sitt eige.
Samtidig gjer me fleire ting for å luke ut dei få som ikkje passar inn:
– Presis og målretta annonsering tiltrekker dei rette folka
– God formulert husreglar og tydelig kommunikasjon skaper tryggleik og ansvar
– Profesjonell prising og profilering gjer at me unngår useriøse leigetakarar
Og skulle det likevel skje noko:
– Me har rutinar for både inspeksjon og rapportering
– Me følgjer opp skadar, hentar inn dekning der det trengst, og sørger for at det blir fiksa raskt
Poenget er: Du slepp å ta risikoen aleine – me tar ansvar både før, under og etter opphald.
Du bestemmer sjølv når du ønsker å bruke eigedommen. Me blokkerer enkelt dei aktuelle datoane i kalenderen, slik at eigedommen ikkje er tilgjengelig for booking i periodane du ønsker å bruke den sjølv.
Det er svært sjeldan at det oppstår skader, men skulle noko skje, følger me det opp med ein gong. Me dokumenterer skaden, tek dialogen med gjesten og ordnar reparasjon eller erstatning i samarbeid med deg.
Du får regelmessige rapportar som er enkle å forstå, med full oversikt over bookingar, inntekter og drift.
Me svarar på spørsmål og meldingar frå gjestar døgnet rundt, med AI som hjelper oss å svare innan få minutt. Rask og god oppfølging gir betre gjesteopplevingar, og er ein viktig grunn til at eigedommane våre får svært gode vurderingar.
Me sørger for vask og klargjering mellom kvart opphald, til Norges BILLIGASTE vaskeprisar. Våre eigne folk vasker grundig, rer opp sengene og sørger for at alt er klart og presentabelt til neste gjest.
Du tek kontakt, så ordnar me resten. Me kan ta bilder, sette opp annonsane og få eigedommen publisert på Airbnb og Booking.com på éin dag. Frå første melding til alt er klart for booking kan det gå under 24 timar.
Me tilbyr to enkle avtalar: tidsavgrensa utleige frå dato til dato, eller løpande avtale med kun 1 månads oppseiing. Enkelt, fleksibelt og utan lang bindingstid.
Ja! Så lenge du eig hybelen, huset eller hytta, ordnar me resten. Me tek hand om alt frå annonsering og booking til gjestekommunikasjon, vask og praktisk drift. Du får inntektene utbetalt, utan å måtte bruke tid på utleiga sjølv.